Aktivitetskveld i Kråkenesmarka

Det vert aktivitetskveld for ungdom i Kråkenesmarka i 2025

Også i år vert det aktivitetskveld for ungdom i 10.klasse i Kråkenesmarka 30.april og 16.mai. Vil din skule vere med?


Aktivitetskveldane for ungdom i 10.klasse har blitt ei årviss hending 30.april og 16.mai. Saman med våre samarbeidspartar er vi klare i år også!

Arrangementa i Kråkenesmarka har fokus på trafikktryggleiksaktivitetar for ungdom. Vi har med oss ein bilveltsimulator og ein bråstopp, der riktig bilbeltebruk og fart står i fokus. Vidare samarbeidar vi med Førde Røde Kors Hjelpekorps om førstehjelp. Vi har også ein aktivitet med brannsløkking. I tillegg til desse aktivitetane får dei prøve seg på gokart, paintball og bogeskyting.

invitasjon til arrangementa går til ungdomsskulane i Kinn (gamle Flora kommune), Sunnfjord, Bremanger, Høyanger, Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund. Kvar av kveldane er det plass til inntil 180 elevar, som vert inndelt i seks grupper á maks 30 stk. Arrangementet 30.april er primært tiltekt skulane i Sunnfjord, men om dette er ein dato som høver betre for andre skular også, så er vi fleiksible. Klassen må stille med ein vaksen pr 5-6 elevar. Eigenandel pr elev er kr 300,- som dekkjer alle aktivitetane og ei brus og pizza på slutten av kvelden.

Bindande påmelding innan 1.april til fjordaneogytresogn@lokal.naf.no Det er høve til etterpåmelding dersom det framleis er ledige plassar. Vi ynskjer samla innbetaling frå klassen. Sidan vi må ha ansvarlege vaksne frå klassen er det ikkje høve for elevar å melde seg på enkeltvis.

18. februar 2025

Fant du det du lette etter?